–Budeiene dreiv og driv små bedrifter på stølen. Dei var sjølvstendige og sjølvhjulpne og ordna opp i det meste.
Inger Marie Vingdal har reist rundt på stølar og intervjua budeier over store delar av landet. Forutan å ha snakka med budeier i dei attverande kjerneområda for stølsdrift i Sør-Trøndelag, Hallingdal, Valdres, Gudbrandsdalen og Nord-Østerdalen, har ho møtt budeier på Voss og i Snåsa. I Nord-Trøndelag tok dei oppatt stølsdrifta med fokus på besøksstølar, stimulert gjennom kurs og tilskot frå fylket.
Ho har også leita etter budeiestemmer og budeieliv i forsking, lokalhistorie og litteratur og besøkt ein del av stølane der ho har lese om eit budeieliv som var, blant anna i Karasjok, på Sunnmøre, i Sogn og i Suldal. Sjølv om det er skrive mange stølsbøker, er det lite om budeiene og kvardagslivet deira. Dei mange budeiesitata Vingdal har henta fram til boka meiner ho er gull verdt.
–Det har heile tida vore eit mangfald av måtar å drive stølsdrift på, og det er viktig at vi tek vare på dette mangfaldet framover også, seier Vingdal.
På bokomslaget er det motiv frå Øystre Kjølastølen i Øystre Slidre. Foto: Inger M. Vingdal
Boka har kapittel om stølen – budeienes rike, og om korleis utviklinga har vore. Det står om budeia og mjølka, om fjøsstell og foredling, og om lokking og gjeting. Det er kapittel om sanking av vinterfôr og anna budeie-arbeid, og om dei ulike sesongane på stølen, daglegliv og helg. Vingdal slår også fast at budeia har trekt fleire folk til fjells, og stølane blei ei trygg hamn for jegerar, oppdagelsesreisande og turistar.
Boka oppsummerer med budeiene som døtrer av naturen. Budeiesansane er ekstra skjerpa. Dei utnytta ressursane i pakt med naturen og tok vare på dyr og folk.
Budeier og barn frå Glomstølen , Øystre Slidre ca. 1900. Foto: Hans H. Lie, utlånt av Monja Dalen.
Vi har mykje å takke budeia for. Ho har vore viktig for matproduksjon, for naturkompetanse, naturrespekt og for kulturbygging. Det er ikkje utan grunn at stølskultur og budeia er på Unesco si verdsarvliste!
Forfattar Inger Marie Vingdal er oppvaksen med gard og støl i Øystre Slidre. Ho har lang erfaring med å undervise lærarstudentar i kroppsøving og friluftsliv. I 2019 flytta ho heim att og busette seg på Beitostølen.
Her er det er meir omtale av boka.
Bilde øverst: Kyr og budeier frå Helgaset opp for Voss. Foto: Inger M. Vingdal