Vi treng alle nokon å støtte oss på, og vi kan alle vere ei støtte for andre, anten det gjeld å dele gleder og sorger, bekymringar, sutring eller skryt. Nettverket ditt er det som skal støtte og hjelpe deg om du treng hjelp. Pass på nettverket ditt, og ver gjerne nettverk for andre!

Det er i gode tider når det går godt at ein må bygge og pleie nettverk. Då vil nettverket også vere der den dagen du er ille ute og køyrer. Kanskje litt seint å kome med det i november 2022, men det er aldri for seint å begynne. 2022 har vore eit stritt år for mange. Vêret sytte for ein rekordlang slått, og alt det andre som skulle vore gjort i sommar vart sett på vent, medan vi venta på at regnet skulle gje seg. Det gav seg ikkje før i september.

Det røyner på å stå opp morgon etter morgon til regn og melding om meir regn, og vone at i dag skal det vere råd å kome utpå, få sleppe dyra på beite, få mala veggen, eller få gjort vedlikehald på bygningar og bøar. Det går utover både humør og arbeidslyst, og kan gå på helsa laus. Då er det viktig å ha nokon å prate med, få ut frustrasjonen du samlar på, rett og slett få syte litt. Det hjelper ikkje på vêret eller fôrkvaliteten, men det lettar alltid innvendes å få snakke, ein får att pågangsmot og arbeidslyst og er klar til dyst når det lettar utvendes. Å alltid ha alternative gjeremål og ein plan B er god medisin når du ikkje får gjort det du hadde tenkt den dagen.

Prisane på sentrale varer har auka kraftig siste året, straum, diesel, mineralgjødsel, og mange andre varer, har blitt svært mykje dyrare. I tillegg er renta er på veg oppover. For mange har dette skapt akutte likviditetsvanskar der ein ikkje har råd til å kjøpe dei varene som trengst for å halde produksjonen oppe. Går produksjonen ned, så minkar og omsetning og inntening, og det blir ein vond sirkel. Sjølv om økonomien er svært ulik mellom bønder, så er det ei viss «trøyst» at det ikkje berre er meg det rammar. Det betyr at dette er noko ein kan snakke om, og dele bekymringar for, med andre. Å snakke om det lettar nok ikkje økonomien, men det kan lette hugen, det er og viktig. Ser du at pengane ikkje strekk til, må du ta tidlegast mogleg ein prat med rekneskapsførar, banken eller vareleverandøren for å få utsett eller delt opp betalingane. Du kan og få gode likviditetsråd hjå økonomirådgjevar i NLR Vest.

20221106 135443 der er alltid ei sol bak skyene
Utsikt frå Frøya i Bremanger

Vi er det vi arbeider med, og vi likar å fortelje om arbeidet vårt når nokon spør. Som bonde er du ofte åleine om arbeidet, og har ikkje det same daglege nettverket rundt deg som på mange andre arbeidsplassar. Då blir det familie, grannar, andre bønder og vener som vert dette nettverket. Tenk og på rådgjevingstenesta som ein del av nettverket, anten det er NLR, Tine, Nortura, eller andre. På seg sjølv kjenner ein andre, hugs difor på å høyre etter når din grannebonde treng å snakke, mellom anna om vêret, prisane og renta. Og hugs at det treng ikkje nødvendigvis vere berre det som er gale de snakkar om, ei god historie lyfter hugen og humøret! By på deg sjølv og skryt av andre.

Å bry seg, ta initiativ til ein liten prat, spørje på ein fin måte korleis det går og står til, kan vere eit avgjerande vendepunkt for eit anna menneske. Difor er det viktig å bry seg om, og følgje med kvarandre, og vere særskilt observant når ein ser at ting endrar seg. Når det kjem oppslag i media om misleghald av dyr, med tvangsavvikling, Mattilsynet og Politiet inne i biletet, så veit vi at dette også handlar om menneske i naud. Kanskje kunne nokre av desse situasjonane vore unngått med desse små samtalene om vêret ved postkassen eller på butikken? Har du ikkje tid, så ta deg tid, dette er nettverkspleie. Når stakk du oppom ein granne «utan grunn» sist, forresten? Kanskje vi skulle gjere meir av det?

Profesjonell samtalehjelp kan vere nødvendig. Fastlegen er og lege for den psykiske helsa. Norsk Landbruksrådgiving sine HMS-rådgivarar og samarbeidande bedriftshelsetenester kan vere ei hjelp. Tilbodet ligg som ein del av HMS-avtalen, men er og eit tilbod til alle bønder om støtte når det buttar mot. Ta gjerne kontakt så tidleg som råd er for ei uforpliktande samtale, vi har teieplikt.

Nokre føre var-råd for god bondehelse:

  • Start dagen med eit planmøte med deg sjølv (andre og om dei er der)
  • Fortel familien (eller andre) om dine gjeremål
  • Ha nokon i beredskap om du skal gjere noko du trur kan vere farleg
  • Ta vare på nettverket ditt, familie og vener
  • Bruk rådgivingsnettverket i landbruket
  • Ver med i eit faglag, gå på møte og tilstellingar
  • Gjer noko sosialt, og noko du likar, noko som er moro
  • Prøv å trene litt, eller gå tur eit par gonger i veka
  • Hugs å ta pausar i arbeidet
  • Pass på nok søvn og regelmessige måltid
  • Ta kontakt med bank eller vareleverandør straks om du får betalingsvanskar
  • Ta initiativ overfor andre – bry deg
  • Ta imot støtte, om nokon vil hjelpe deg
  • Teikn HMS-avtale med NLR Vest for å ta vare på den viktigaste på garden, nemleg deg sjølv!