Gjødselgass hjå deg?

Ein av dei farlegaste jobbane på denne årstida er å røra opp gjødselkjellar. Mange er klar over dei farane som dette kan medføra, og gjer aktive tiltak for å ventilera bort gass, og sikra nok oksygen. Likevel skjer det hendingar kvart år der anten dyr eller folk vert skadde og misser livet av gjødselgassar. Kan det vera at me har for små marginar å gå på i dette arbeidet?

Ei lita sjekkliste før du rører:

  • Gå gjennom rutinane omkring arbeidet:
    • God nok lufting?
    • Godt vinddrag i lufta?
    • Vifter som skal reverserast?
    • Sperre av område og merke med gassfare?
  • Er det gjort endringar på driftsbygning eller gjødsellager som kan påverke røring og lufting?
  • Ny og kraftigare miksar i år? Det kan gje mykje større gassutvikling.
  • Leigd gjødsellager hjå andre? Vurder den konkrete gassfaren der og.
  • Ope samband til fjøs? Kjøp deg gassmålar
  • Beredskapsplan dersom noko går gale?
    • Stogg røringa med ein gong
    • Ring 1-1-3 ved personskade
    • Gå aldri inn i fjøs ved mistanke om gass
    • Tilfør luft utanfrå med t.d silovifte
    • Hent hjelp før du gjer noko som helst
    • Gassmaske sikrar ikkje oksygentilgang
  • Veit andre på garden om beredskapsplanen?

Våronna bør starta i oktober!
Oktober og november kunne vore fine månader til å sjå over og fiksa reiskap og utstyr som du no skal bruka.

  • Gyllevogna har truleg ikkje reparert seg sjølv i vinter heller..
  • Pto-akslingen har nok ikkje ordna seg med nytt vern sjølv..
  • Reservedelar som du helst skulle hatt i går har kanskje to veker bestillingstid..

Gode rutinar kan spara deg for stress og forseinkingar når våronna er i gang.

  • Reparer ting med ein gong
  • Noter ned feil og manglar når du oppdagar dei
  • Sørg for at andre på garden får naudsynt informasjon
  • Sørg for god og rett opplæring i trygg bruk, og lag rutinar for vedlikehald
  • Snakk om farar og naudsituasjonar som kan oppstå
  • Finn ut korleis du lett kan ringa naudnummer frå smarttelefonen din
  • Last ned appen 113 på telefonen

Om att og om att… hugs:

  • Stress aukar faren for uhell, planlegging motverkar stress
  • Legg inn matpausar sjølv om du «berre nett skal bli ferdig»
  • Hald avstand, men ta gjerne med deg matpakken og termosen bort til naboen og slå av ein prat på 2 meters avstand.
  • Du brukar vel setebelte?
Hms landbruk 36